Torbjørn Tufte
Torbjørn Tufte er prosjektleiar i AgriAnalyse. Han er utdanna Statsvitar frå NTNU, med særskilt vekt på internasjonal ressursforvaltning tilknytt fisk- og havressursar. Spesialfeltet til Tufte er skjeringspunktet mellom utforming av folkerettsleg bindande avtaler og politiske implikasjonar avtaleverket gir. Elles inngår Tufte i forfattarkollegiet Bobby Peruz som står bak kioskromanen «Fordervelsens lakeier»
Tufte arbeider med blant annet:
- Internasjonal ressursforvaltning
- Havrett og FN sin Havrettstraktat av 1982
- EU og EØS spørsmål
- Handelspolitikk og WTO
- Nasjonal og internasjonal jordbrukspolitikk