Stagnasjon i norsk produksjon - importvolum i vekst
Rapport4-2012
Tema i denne rapporten er situasjonen kring kjerneproduksjonane i norsk jordbruk ut frå dei underliggande og langsiktige trendane innan norsk produksjon og handel. Trendane som er undersøkt avteiknar ein situasjon der det meste av tilpassinga av forbruksveksten i norsk matforsyning er tufta på at det er sterk auke importvolum som sikrar og dekkar opp vekst i etterspurnaden. Det vil seie at norsk jordbruksproduksjon ikkje er rusta til å auke voluma i takt med marknadsveksten, slik Landbruksmeldinga set som mål.