EU-strategien Farm to Fork - Mål om eit berekraftig matsystem
Rapport5-2023
Farm to Fork (F2F) er ein strategi for verdikjeda for mat i EU. Kjernen i Farm to Fork er å få eit skifte i heile matsystemet i EU i retning av eit anna og meir berekraftig system for miljø og klima. Farm to Fork-strategien er ein hjørnestein i den overordna Green Deal. Innfallsvinkelen i rapporten er F2F, men delstrategiar som, Biodiversitetsstrategien, jordhelsestrategien, samt Den felles landbrukspolitikken, vert òg omtala.