CAP-reformer. Auka eksport og styrka tollvern
Rapport2-2014
Sidan tidleg på 1990-talet er CAP gradvis reformert. Reformane har endra landbruksstønaden frå prisstønad og produksjonsavhengig stønad til produksjonsuavhengig stønad. CAP-reformane har gjennom omkanaliseringa av stønaden til gardbrukarane, lagt grunnlaget for reduserte råvareprisar. Samstundes ligg tollvernet til EU på landbruksvarer fast. Slik har EU auka konkurransekrafta i eksportmarknadane, og samstundes også fått betre vern av eigen heimemarknaden mot tredjeland. Denne rapporten søkjer å belyse desse endringane i landbrukspolitikken til EU og korleis endringane har handelskonsekvensar for Noreg som tredjeland.