Klassekampen skriver: Bondelaget har kravd at halvparten av investeringane vert dekt av staten. Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) kostnadsrekna investeringane i 2021 til 18 til 23 milliardar kroner. No er dei tala 23 til 25 milliardar kroner.
– Då treng ein 12 milliardar berre til mjølk fram til 2034. Det er ein betydeleg sum, men ikkje ein dramatisk sum i norsk perspektiv. Ein kunne tenkje seg at det vart lagt på ein mjølkemilliard, seier dagleg leiar i Agri Analyse Christian Anton Smedshaug.
Han meiner mjølkebønder står i ein spesielt vanskeleg situasjon.
– Det er utfordringar både med inntekt og investeringar, og så kjem kostnadsveksten i tillegg. Det er ikkje nok å heve løner, ein må heve evna til å gjere investeringar. Å få opp tilskotsdelen er det beste verkemiddelet for det på kort sikt, seier Smedshaug.
Han meiner landbruket er ein liten kostnad for totaløkonomien. Sidan 2000 har landbruksdelen på statsbudsjettet gått ned. Næringsstøtta er på 24 milliardar kroner i 2023, som tilsvarer 1,4 prosent av statsbudsjettet. I år 2000 var det 3 prosent.

– Det stig på statsbudsjettet, men søkk som prosentdel (av totaløkonomien - BNP). Det er vanskeleg å få kostnadane lenger ned og det kostar om ein skal ha variert jordbruk over heile landet, seier Smedshaug."