Vekas figur: Osteimport som del av samla osteproduksjon i Norge og EU (2016)
1. oktober trår den nye artikkel 19-avtala mellom Noreg og EU i kraft. Her vert den tollfrie ostekvota utvida med 1 200 tonn til 8 400 tonn. I fjor kjøpte Noreg 14 500 tonn ost frå EU, og no har Stortinget avgjort at det skal kjøpast meir.
Over 50 % av mjølka norske mjølkeprodusentar leverer vert brukt i osteproduksjon. Difor er delen osteimporten utgjer av produksjonsvolumet eit uttrykk for skvisen norsk mjølkesektor er i.
(Kjelder: OECD.Stat/Eurostat/TINE/SSB).