Tilverka dyrefôr (HS:23) er den klart største varegruppa både på import- og eksportsida, med ein import på om lag 1,7 milliardar kroner og eksport på knappe 600 millionar kroner. Vidare utgjer animalske og vegetabilske oljer (HS:15), forskjellige tilverka næringsmiddel (HS:21) og drikkevarer, etylalkohol og eddik (HS:22) betydeleg verdiar for båe landa i samhandelen. På importsida har Noreg òg ein stor import av mølleprodukt (HS: 11) og bakarvarer (HS:19), medan meieriprodukt (HS:4) og animalske produkt, elles (HS:5) er viktige eksportvaregrupper (Landbruksdirektoratet/SSB/AgriAnalyse, 2021).