Vekas figur: Norsk samhandel på landbruksvarer med Storbritannia
Fjerde juni 2021 kunngjorde regjeringa at ei handelsavtale med Storbritannia var framforhandla. Avtala skal no ratifiserast i landa før den trer i kraft. Figuren viser utviklinga i samhandelen mellom Storbritannia og Noreg på landbruksvarer for perioden 2012-2020. I 2020 importerte Noreg landbruksvarer for 3,8 milliardar kroner frå Storbritannia, medan eksporten var på 1,1 milliardar kroner. I 2020 var det ein markant vekst i importen og samstundes eit tydeleg fall i norsk eksport.
Tilverka dyrefôr (HS:23) er den klart største varegruppa både på import- og eksportsida, med ein import på om lag 1,7 milliardar kroner og eksport på knappe 600 millionar kroner. Vidare utgjer animalske og vegetabilske oljer (HS:15), forskjellige tilverka næringsmiddel (HS:21) og drikkevarer, etylalkohol og eddik (HS:22) betydeleg verdiar for båe landa i samhandelen. På importsida har Noreg òg ein stor import av mølleprodukt (HS: 11) og bakarvarer (HS:19), medan meieriprodukt (HS:4) og animalske produkt, elles (HS:5) er viktige eksportvaregrupper (Landbruksdirektoratet/SSB/AgriAnalyse, 2021).