Vekas figur: Norsk landbruksvarehandel
Importen av landbruksvarer til Noreg auka markant i 2020. Noreg importerte landbruksvarer for 82,6 milliardar kroner i 2020. Det er 11,7 milliardar høgre enn i 2019, og ein auke på 17 prosent. Norsk eksport auka òg, men langt svakare enn eksporten. EU er den største handelspartnaren til Noreg på landbruksvarer. Importen frå EU var 51,2 milliardar i fjor, og det utgjorde 62 % av importverdien. Den norske eksporten til EU var på 7,2 milliardar kroner. Det norske handelsunderskotet på landbruksvarer var 69,2 milliardar i 2020.