Vekas figur: Endring i korn- og grasareal og mordyr storfe etter arealtilskuddssonene 2004-2018
Norsk jordbruksareal er redusert med dryge 400 000 dekar siste 15 åra. Ser ein utviklinga etter sonene for arealtilskot, er kornarealet på Austlandet i sone 1 og 3 redusert med 343 000 dekar, medan grasarealet har auka med 216 000 dekar her. I dei tradisjonelle grasområda i sonene 5 (a og b), 6 og 7 er grasarealet redusert med 152 000 dekar i perioden. Samstundes med arealendringar har det vore endringar i storfehaldet. Talet på mjølkekyr i landet er redusert med 53 000 i perioden, medan talet på ammekyr har auka med 45 000, ein reduksjon på 8 000 mordyr. Ser ein på mordyr storfe har veksten i ammekyr vore høgare enn avgangen av mjølkekyr i sone 1, 3 og 5A. Det gir ein netto vekst i talet på mordyr her. I sonene 2, 4, 5B, 6 og 7 derimot, har avgangen av mjølkekyr vore større enn veksten i ammekyr, som gir ein netto reduksjon i talet på mordyr.
Ein kan lese meir om dette i Rapport 12-2019, Arealutvikling og arealbruk - Korn, gras og drøvtyggere
Datakjelde: Landbruksdirektoratet, Produksjons- og avløsertilskudd jordbruksforetak.