Vekas figur: Endring i korn- og grasareal etter sonene for arealtilskot
Siste 15 år er kornarealet på Austlandet i sone 1 og 3 redusert med 343 000 dekar, medan grasarealet har gått opp med 216 000 dekar. Samstundes har grasarealet i dei tradisjonelle grasområda i sonene 5 (a og b), 6 og 7 gått ned med 152 000 dekar. Når kornarealet fell i kornområda, og grasarealet vert redusert i grasområda, samstundes som grasarealet aukar i kornområda, er det eit teikn på at kanaliseringspolitikken er svekka.
Kilde: Landbruksdirektoratet 2004-2019