Vekas figur: Den enes død, den annens brød: Utviklinga i mjølkebruk
Siste ti år er talet på mjølkebruk redusert frå 11 710 til 7 860. Samstundes har talet på mjølkekyr per bruk auka frå 20,5 til nær 28 kyr. Det er ei nedleggingsrate på 33 prosent og ei auke i besetningsstorleik på 37 prosent.
I utviklinga mot færre, større og meir intensive bruk er òg fôrsetelen til mjølkekyrne i tydeleg endring. Bruken av kraftfôr i norsk mjølkeproduksjonen har auka frå kring 35 prosent på energibasis sidan tidleg på 2000-talet til knappe 44 prosent i 2015. Medan beitebruken på energibasis har gått ned frå dryge 16 prosent til knappe 10 prosent i tidsperioden (Volden, H. NFKs Temaseminar, Oslo, 20. april 2016 og TINE Rådgiving 2015).
Kilde: SSB: Tabell 11583/05986