Ukas figur: Landbruksvarehandelen 2023: Vekst i verdi, reduksjon i importvolum
Importen av landbruksvarer (som definert i Landbruksavtala i WTO) til Noreg har auka markant siste åra målt i verdi. Noreg importerte landbruksvarer for 113,6 milliardar kroner i 2023. Det er 10,7 milliardar høgre enn i 2022 (10 %). Norsk eksport auka òg frå 16,8 til 19,5 milliardar kr (16 %) frå 2022 til 2023. EU er den største handelspartnaren til Noreg på landbruksvarer. Importen frå EU var 68,6 milliardar i fjor, og det utgjorde 60 % av importverdien. Den norske eksporten til EU var på 10,4 milliardar kroner, som utgjer 53 % av den norsk eksportverdien. Det norske handelsunderskotet på landbruksvarer var 94,1 milliardar i 2023. Ser ein derimot på utviklinga i handelen målt etter volum, er biletet annleis. Importvolumet er redusert, medan eksportvolumet har auka i 2023 i høve til 2022. Nedgangen i importvolumet er på 3 %, medan auka i eksportvolumet er 6 %.
(AgriAnalyse/Landbruksdirektoratet/SSB (2024). Basert på utanrikshandelen frå SSB med varer, etter varenummer (HS)).