Ukas figur: Landbruksvarehandelen 2022: Vekst i verdi, reduksjon i volum
Importen av landbruksvarer til Noreg har auka markant siste åra målt i verdi. Noreg importerte landbruksvarer for 102,9 milliardar kroner i 2022. Det er 13,4 milliardar høgre enn i 2021 (15 %). Norsk eksport auka òg markant, med 2,5 milliardar kr (18 %) frå 2021 til 2022. EU er den største handelspartnaren til Noreg på landbruksvarer. Importen frå EU var 59 milliardar i fjor, og det utgjorde 57 % av importverdien. Den norske eksporten til EU var på 8,9 milliardar kroner, som utgjer 53 % av den norsk eksportverdien. Det norske handelsunderskotet på landbruksvarer var 86,1 milliardar i 2022. Ser ein derimot på utviklinga i handelen målt etter volum, er biletet annleis. Volumet er redusert i 2022 i høve til 2021. Nedgangen i importvolumet er på 5 %, medan eksportvolumet har gått ned 6 %. (Landbruksdirektoratet/SSB/AgriAnalyse (2022). Basert på utanrikshandelen frå SSB med varer, etter varenummer (HS)).
Kilde: AgriAnalyse/Landbruksdirektoratet/SSB